Symposiet vart starta i det ein kan kalla pionertida i norsk petroleumsverksemd. Framveksten av den nye næringa reiste mange nye rettslege spørsmål og det måtte utviklast eit nytt rettsleg rammeverk tilpassa norsk rett. Arvid Frihagen var sentral i utviklinga av norsk forvaltningsrett frå 1960-talet og utover. Han var òg oppteken av kontakten mellom akademia og det praktiske rettslivet. Då petroleumsnæringa vaks fram utover 1970-talet såg han petroleumsretten som eit nytt og interessant emne, og gjekk inn i dette med stor entusiasme og med si sterke arbeidskraft. Ole Anders Lindseth var ein sentral person i utviklinga og styringa av norsk petroleumsverksemd.

Etter at Arvid Frihagen gjekk bort sommaren 1995 overtok professor Ernst Nordtveit ved Det juridiske fakultetet i Bergen, professor Knut Kaasen, frå Det juridiske fakultet i Oslo, ekspedisjonssjef Ole Anders Lindseth og underdirektør Mette Gravdahl Agerup frå Energidepartementet, drifta av symposiet. Etter at Ole Anders gjekk av for aldersgrensa i 2020, tok Dag Erlend Henriksen hans plass.

I 2023 vart symposiet formelt omdanna til ei stifting med det føremålet å arrangera symposiet kvart år. Mette Agerup Gravdahl gjekk ut av styret i 2024 og Ernst Nordtveit og Knut Kaasen i 2025.

Frå 2025 er styret i stiftelsen samansett av Knut Høivik, Det juridiske fakultetet i Bergen, Sondre Dyrland, Det juridiske fakultetet i Oslo, Dag Erlend Henriksen, Energidepartementet Caroline Pernille Ellingsen Hustad, Energidepartementet og Marte Røv, Equinor.

Fagleg har programma på symposiet blitt prega av utviklinga i petroleumsnæringa og dei rettslege og politiske rammevilkåra den har operert under til ei kvar tid. Symposiet har vore eit viktig møtepunkt mellom aktørar frå styresmaktene, petroleumsindustrien, leverandørindustrien og akademia der aktuelle problemstillingar og utvikling av nye regelverk kunne bli diskutert. Det er liten tvil om at utforminga av det rettslege rammeverket for petroleumsnæringa har blitt påverka av diskusjonane på Solstrand. Programma for symposiet var prega av dei problemstillingane som til ei kvar tid stod i sentrum. Arvid Frihagen hadde ei særleg evne til å fanga opp nye problemstillingar. Ole Anders Lindseth og Mette Agerup Gravdahl hadde godt oversyn over kva som rørte seg i næringa til ei kvar tid. Det har alltid vore, og er framleis, eit mål at symposiet skal dreia seg om aktuelle problemstillingar og utfordringar og at det skal vera eit diskusjonsforum med meiningsbryting.

Utviklinga av petroleumsnæringa på 1970- og 1980-talet reiste mange nye rettslege utfordringar og kravde utvikling av nye rettsreglar og nye rettslege ordningar for organisering og styring. Styring av ei så omfattande næring i samvirke og spenning mellom sterke offentlege interesser og forretningsinteresser, har utfordra både statsrettslege, forvaltningsrettslege, selskapsrettslege og kontraktsrettslege førestillingar. På mange område har det leia til utvikling av nye rettslege instrument.

Statsdeltakingsavtalane og seinare samarbeidsavtalane er eit sentralt døme på eit rettsinstitutt som vart utvikla etter internasjonale mønster, men som fekk ei eiga nasjonal utforming. Utviklinga av konsesjonsvilkåra var òg lenge eit viktig tema.

Eit anna sentralt område var reglane for innkjøp, der det fram til 1990-talet var eit mål å sikra oppdrag til norske leverandørar. EØS-avtalen reiste nye problemstillingar særleg for anskaffelsesreglane og for reglane om tildeling av utvinningsløyve. Tilpassing av regelverket og praksis til EØS-avtalen prega mange symposium.

Endringa av regimet for gassal og gasstransport var òg ein viktig del av EØS-tilpassinga. Det same gjaldt reorganiseringa av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) i samband med privatiseringa av Statoil (nå Equinor) og opprettinga av Petoro AS som forvaltar av SDØE.

Dei privatrettslege spørsmåla knytt til leverandørkontraktar har vore eit sentralt og gjennomgåande tema på symposiet sidan starten. Nye kontraktsformer og kontraktstradisjonar med anglo-amerikansk bakgrunn reiste nye utfordringar for leverandørindustrien og nye rettslege spørsmål. Arbeidet med standardisering og utvikling av leverandørkontraktane har òg vore tema ved fleire seminar.

Petroleumsskatteretten har òg vore eit sentralt emne ved symposia.

I dei seinare åra har dei internasjonale rammene for petroleumsnæringa i EU- og EØS-retten, og klima- og miljøregulering, blitt meir sentrale. Det same gjeld meir allmenne reglar om virksomhetsstyring som også har verknad for petroleumsnæringa.

I dag er petroleumsnæringa i ein annan fase, og utviklinga av nye sokkelnæringar som havvind, karbonlagring og mineralutvinning har blitt sentrale tema. Dette har ført til at stiftinga har søkt Lotteri- og stiftelsestilsynet om å skifte namn til «Stiftelsen Solstrandsymposiet». Symposiet har fått nytt namn, «Solstrandsymposiet», med undertittelen «Det årlige juristseminaret for offshorenæringene»

Eit symposium er ikkje berre fag. Det er også ein møteplass for folk. Det ingen tvil om at Solstrand som ramme om arrangementet òg har vore ein viktig faktor bak den plassen symposiet har fått hos petroleumsjuristar. Opplevinga av Solstrand i førjulstida med utsikt til dei vakre uteareala og Bjørnafjorden, med «arbeidsmiddagen» på onsdags kveld, gjev ei unik ramme for symposiet.

Historia til symposiet

Av Ernst Nordtveit