Historia til symposiet
av Ernst Nordtveit
«Det Bergenske Petroleumsrettssymposium» vart starta i 1978 med sikte på å skapa eit forum for diskusjon av petroleumsrettslege og etter kvart meir allmenne energirettslege spørsmål.
Opphavspersonane var professor Arvid Frihagen ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen i samarbeid med Ole Anders Lindseth som var byråsjef og seinare ekspedisjonssjef i Olje- og energidepartementet.
Det første symposiet vart halde på Hotell Norge i Bergen i 1978. I 1979 vart symposiet flytta til Solstrand og har blitt arrangert der den første onsdag og torsdag i desember kvart år, med unnatak av pandemiåret 2021. Symposiet har samla folk frå ulike delar av det petroleumsrettslege miljøet, forvalninga, selskapa, advokatnæringa og akademia. I mange år var det også eit stort innslag av deltakarar frå Danmark.